Dei to Karnaljane!

Gitar, trekkspel og viser – med tekstar mellom anna av Jakob Sande. Folkeleg, salt og ujålete. Dei To Karnaljane arbeider med eigne tonesettingar av dikt av fleire sunnfjordsdiktarar, mellom anna Jakob Sande. Uttrykket ligg i eit møte mellom vestnorsk visetradisjon og impulsar frå keltisk og irsk musikk. Her går mørk humor, spit og vemod hand i hand, i tonar som luktar av både irske pubar og vestnorske fjordbygder.

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

  1. Gitar, trekkspel og viser – med tekstar mellom anna av Jakob Sande. Folkeleg, salt og ujålete. 


Dei To Karnaljane arbeider med eigne tonesettingar av dikt av fleire sunnfjordsdiktarar, mellom anna Jakob Sande. Uttrykket ligg i eit møte mellom vestnorsk visetradisjon og impulsar frå keltisk og irsk musikk. Her går mørk humor, spit og vemod hand i hand, i tonar som luktar av både irske pubar og vestnorske fjordbygder. Namnet er lånt frå Sande-diktet «To glade karnaljar», og peikar mot blandinga av skrå humor og underliggjande alvor som også pregar mykje av diktinga hans. 


Prosjektet spring ut av ønsket om å vidareføre tradisjonen med tonesette Sande-dikt, samstundes som duoen opnar for eit litt anna musikalsk landskap enn det mange kanskje er vane med. Dei meiner den vestnorske folketonen har tydelege slektskap til den keltiske tradisjonen – og let desse trådane møtast i eigne arrangement og komposisjonar. 

Tags

dei to karnaljane!
askrova
hilleren
Organizer
Askrova Bygdelag